God morgon, kjære Gud!

God morgon, kjære Gud!

Seminaret med eit sjelesørgerisk blikk på song og bøn.

Kva gjer at vi veljer ut dei songane vi syng? Kva bilete av Gud er det dei formidlar? Kva livshjelp gir dei? Korleis kan songane og bønene gje barnet hjelp til å tolke liva sine?

På konferansen vil det være 18 ulike seminar å velje mellom. Desse spørsmåla er noko av det seminaret om bruk av songar og bøner vil ta opp. Seminaret vil ufordre til ettertanke og medvit rundt kva vi syng om og ber om. Og korleis kan song og bøn fremme trygg tilknyting til Gud?

Dei som skal lede dette seminaret er Elisabeth Mæland, høgskolelektor ved Diakonhjemmet og Gunnel Johannson Rø, diakon i Sagene/Iladalen kyrkjelyd i samarbeid med Institutt for Sjelesorg. Dei har utvikla ressursar for korleis tilsette og frivillige i kyrkjelydar kan sjå og ta seg av barn som kjem til kyrkjelydar.

Les meir om dette temaet på nettsidane til Kirkeaktuelt