Trusopplæringsprisen 2016 til Os!

Trusopplæringsprisen 2016 til Os!


Skapingsdagane i Os kyrkjelyd vann trusopplæringsprisen for 2016 i sterk konkurranse med Eidfjord og Bondelia.

Les også: Hvem får trosopplæringsprisen 2016?

Juryens begrunnelse
Vinnaren av årets pris har ein gjennomgåande tematikk som vert knytta til fellesskap og skaparglede. Det går ein raud tråd frå grunnleggjande tenking til innhaldet i andakter, planar og arbeidsformer. Alle leiarane, også dei eksterne kunstnarane, er med fra planlegging til gjennomføring. Borna blir invitert til å bruke skaparevner med og for kvarandre. Å «skape», å «vere» og «gjere saman» står sentralt. At borna er medskapande er ein styrke ved prosjektet. Å realisere barn si medvirking i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete. 

Prosjektet er forankra i dei lokale planane og vert fulgt opp av tiltaksfaddarar. Den lokale planen uttrykkjer eit ønske om å få det rike kulturlivet inn i kyrkja. Prosjektet bidreg til å realisere dette ønsket.
Juryen trur at samarbeidet med lokale ressurspersonar og ideen om å ha ein sommarskule i kyrkja, kan være til inspirasjon for mange.

Ein av kunstnarane skriv mellom anna: «Denne prosjektgruppa … har med sin jobb med ungane skapt ei stemning og eit engasjement blant born og vaksne som eg ikkje har sett liknande til på fleire år. Eg … kjenner meg privilegert over å ha fått delta og vere ein del av denne kultureksplosjonen»